Frå delar av Antonio Vivaldi sitt Dei fire årstidene til moderne musikk og ulike sjangrar, møter tradisjonelle og nyskapande uttrykk kvarandre. Koreografiane utforskar alt frå lette vår-rørsler til vinterens meir avmålte uttrykk.
Denne forestillinga er vår markering av Dansens Dagar, der dans i alle former og nivå får plass.
Bli med på ei oppleving som viser mangfaldet og skapargleda innan dans.
Koreograf: Mai Lene Eliesen
Lyd/lys: Hallingdal Lyd