Dette skjer på Ål

Laster Arrangementer
169919

Austanfor sol og vestanfor måne

Ål kulturskule og Folkemusikkveka presenterer: Austanfor sol og vestanfor måne

«Kva har du gjort?!» ropar kvitebjørnen. Prinsessa stirer med store auge på det vakre mennesket som ligg der, stearinlyset skjelv i handa hennar.
Kvitebjørn er eit menneske om natta!

Kvitebjørn er bunden til ei forbanning og no må prinsessa leggje ut på ei reise ingen har fullført før henne for å finne att og redde vennen sin. Ho må reise langt og lenger enn langt, dit ingen vegar fører – austanfor sol og vestanfor måne.

Gjennom forteljing, dans og musikk blir dette gamle folkeeventyret levandegjort av unge utøvarar som med innleving og kraft tek publikum med på ei reise fylt av spenning, undring og sterke kjensler. Publikum får vere med på ei historie om mot, tillit og vilje til å kjempe for det ein trur på – ei reise gjennom iskalde fjell, djupe skogar og strie vindar.

Trioen MOJNA fyller rommet med stemningsfull og levande folkemusikk.

Skodespelarar: Elevar frå Ål kulturskule
Dansarar: Hallingdal Dansekompani
Regi og manusbearbeiding: Margit Myhr
Koreografi: Mai Lene Eliesen
Musikk: MOJNA (live) – Thomas Eriksson (gitar og komposisjon), Anna Malmström (klarinettar) og Tuva Færden (hardingfele og vokal)
Produsent: Iris Almås Tangeraas / Ål Kulturskule

Co-produsent: Folkemusikkveka v/ Solfrid Gjeldokk

Tid

25. mai kl. 18:00 - 19:00

Sted

Ål Kulturhus

Myren 40
Ål, 3570 Norway

Pris

180 kr

Kategorier: