Dette skjer på Ål

Laster Arrangementer
164031

Forfatterbesøk: Sindre Hovdenakk med Over til London

I 2025 markerer me eit dobbelt krigsjubileum: 85 år sidan Noreg vart okkupert, og 80 år sidan frigjeringa.

Då krigen kom til Noreg, gjekk sanninga i eksil. Ein spennande del av denne historia er korleis norske og britiske krefter fekk i gang dei norske radiosendingane over BBC. Allereie i april 1940 var BBC i gang med norskspråklege sendingar. Desse radiosendingane vart raskt den viktigaste informasjonskanalen til det okkuperte Noreg. Både motstandsrørsla, den illegale pressa og folk flest fekk her høyre nyheiter, talar, appellar og viktige meldingar frå regjeringa og kongehuset i eksil.
Toralv Øksnevad, kalla «Stemmen fra London», vart eit begrep blant dei som gjennomlevde dei fem vanskelege krigsåra.

Sindre Hovdenakk gav i 2020 ut boka Over til London. NRK i eksil 1940-1945 og kjem no til Ål bibliotek der han vil fortelje historia om dei norske radiosendingane frå London.

Gratis inngang!
Du kan sikre deg plass ved å hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.

Tid

8. mai kl. 19:00 - 20:00

Sted

Ål bibliotek

Myren 40
Ål, 3570

Pris

Free

Kategorier: