Spesielt på vinteren er området rundt Bergsjøstølen eit eldorado for snøkiting, med flott natur og god plass til både nybyrjarar og erfarne kitere.
Lær kiting med Kiteskolen.no
Dersom du vil prøve kiting for første gong eller forbetre ferdigheitene dine, tilbyr Kiteskolen.no kurs på Bergsjøstølen. Her får du profesjonell opplæring i trygge omgjevnader, uansett om du er nybyrjar eller vidarekomen. Instruktørane har lang erfaring og gir deg dei nødvendige ferdigheitene for å meistre både vind og kite.
Perfekte forhold for snøkiting
Bergsjøstølen ligg høgt til fjells og byr på stabile vindforhold og snø gjennom store delar av vinteren. Med vidstrakte snøflater og god plass kan du gli over fjellet og kjenne på den frie kjensla av å bli drege av vinden. Området eignar seg både for frikøyring og teknisk trening.
Full pakke med overnatting, mat og god stemning
På Bergsjøstølen Fjellstue kan du kombinere kiteeventyret ditt med ei hyggeleg overnatting. Etter ein dag ute i snøen kan du nyte heimelaga mat, nyte badstua med fantatisk utsikt, slappe av i den lune atmosfæren og høyre Kåre, verten på fjellstua, fortelje spøkelseshistorier som garantert set stemninga.
Enten du ønskjer å prøve noko nytt eller ta ferdigheitene dine til neste nivå, er Ål ein fantastisk stad for kiting. Bli med på kurs, kjenn vinden dra deg framover, og opplev vinterfjellet på ein heilt ny måte!