Andsyning

Om

Slåttespelet inneheld uendelege moglegheiter. Musikken ber preg av mange «lag» beståande av til dømes strøk, melodi, rytme, ornament og tonalitet, som ein kan variere over og som stadig nye generasjonar har foredla. Det er desse laga Helga Myhr har plukka frå når ho skulle skape ny musikk, og utgangspunktet er slåttespelet frå Hallingdal. 

Tre av låtane inneheldt dikt av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld. Ho var ein folkekjær diktar som fekk stor merksemd for diktsamlinga "Noko vil alltid lysa", fyrste gong utgjeve i 1988.

Ordet Andsyning kan ein finne i boka Ord, uttrykk og inntrykk frå Hallingdal og Valdres (Boksmia, 2002). Ei bok med Ivar Aasen sine samlingar av ord og uttrykk under reiser til Hallingdal og Valdres frå 1845 og framover. Ordet er sett saman av «and», som betyr i mot eller motsatt, og «syning» som kan bety horisont, å vise fram eller forekomst av noko som viser seg. Altså å sjå eller vise noko frå motsatt horisont.

Verket var opprinneleg skrive som eit tingingsverk til Osafestivalen i 2020.

Med seg har Helga Myhr ein gjeng med svært dyktige musikarar: 
 

Kart

Andsyning

TypeFolkemusikk

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forAndsyning (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Ål kulturhus (10 Jan 2025)
DagTider
Fredag19:00