Om
Du er på festen før bygarden skal rivast, alle snakker i kjeften på deg. Alt er rive, alle dansar, du syng og hylar og kliner og elskar og hatar. Foreldra dine skal skiljast, du veit ikkje kven du er, du er gravid, du er kåt, mor di skal døy og verda går under i slow motion og alle drit i livet ditt. Kva faen skal du gjere med det?
INDIGO ENGLEHÅR er som å bli drege inn i ei Spotify-liste. Ein musikal som blandar teater, konsert, poesi og lys, fordi me lever intenst akkurat no og alle snart skal døy.
Fredrik Høyer er den fremste slampoeten i landet og ein av Noregs mest lovande dramatikarar. Med fleire suksessar både nasjonalt og internasjonalt er han også ein av Drammens fremste kultureksportar.
Peter Michelsen er kjent som gitarist i Donkeyboy. Saman med regissør og teatersjef ved Brageteatret Nils Petter Mørland, har dei utvikla ei heilt ny musikkteaterforestilling.
Medverkande: Ina Svenningdal, Mimmi Tamba, Ingrid Dissen, Veslemøy Mørkrid og Fabian Christensen
Dramatikar: Fredrik Høyer
Komponist: Peter Michelsen
Regi: Nils Petter Mørland
Produsent: Brageteatret
Foto: Anne Valeur