Om
Juleførebuingane i Svingen er i full gang.
Alt er som det skal vere. Eller er det eigentleg det?
Marvin, far til Linus, og Klara Klegg, har som vanleg sine eigne idéar om korleis ting bør gjerast.
Morosame idéar, spennande idéar, men er det gode idéar?
et flyttar inn ein ny familie i Svingen, og dei kjem frå Sletta. Kan dei bli vener med ungane i Svingen?
Den årlege stafetten mellom Svingen og Sletta er sjølvsagt eit høgdepunkt. Kven vinn i år? Marvin gjer dessverre sitt beste for at Svingen skal vinne.
Gutta skal på hyttetur. Det gjer dei kvart år, men denne gongen skjer det noko rart. Og det blir kanskje rarast for Nure.
Og kven skal vere Lucia i år? Alle vil, men berre ein kan.
Akaya skal reise bort i jula og Atif, som er muslim, feirar ikkje jul. Så korleis skal borna treffe kvarandre på juleftan då? Ungane i Svingen er smarte og finn sjølvsagt ei løysing.
Jul i Svingen er som juler flest. Nokon gler seg, andre gler seg ikkje fullt så mykje. Noko er spennande, noko er hyggeleg, noko er litt leit og mykje er morosamt.
Men ein ting er sikkert; det blir jul i Svingen!