Om
Tessa er ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.
Men ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho sjølv må setje systemet på prøve. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp for å finne vegen ut av den same skuggen av tvil som ho tidlegare har kasta over andre.
«Prima Facie» tek oss med til det vanskelege punktet der livet møter reglane i lova.
«Prima Facie» er tankevekkjande, brutalt og rørande. Eit teaterstykke som vert sitjande i kroppen lenge etter at teppet har gått ned.
Stykket har mottatt ei rekkje prisar og gått sin sigersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scener over heile landet moglegheita til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.
Velkommen!