Om
Hallingdal har fått omstillingsmidlar frå Viken for å vidareutvikle eksisterande næringsliv og få eit meir variert næringsgrunnlag i dalen. Satsinga skal gå over 3 år
Regionrådet for Hallingdal inviterer alle interesserte til to parallelle folkemøte der me ønskjer innspel på kva DU meiner Hallingdal bør satse på for å utvikle næringslivet vidare.
Begge møtene blir arrangert måndag 18. oktober 2021 kl. 18.00-20.00
Nesbyen - Kulturhuset Banken
Ål kulturhus storesalen
Agenda:
· Orientering: Kva er omstilling og kvifor er dette ein god mogelegheit for Hallingdal.
· Presentasjon av funn frå spørjeundersøkingar og intervju/analyser så langt i prosjektet
· Innspel frå salen. Kva meiner DU at Hallingdal skal satse på når det gjeld næringsutvikling.
Velkommen!