Om
Vel møtt til SundreBall 2025!
Sidan 2014 har SundreBall varma vinterfrosne ålingar og tilreisande frå heile landet med konsertar, fest og upåklageleg stemning den siste helga i januar. Madrugada, Valentourettes, Oslo Ess, Black Debbath, Malin Pettersen og Jarle Bernhoft er berre nokre av artistane som har stått på den intime scena i det vesle, trivelege grendehuset Sundrehall i hjartet av Ål sentrum. Kven inntek scenene i 2025?
I 2024 vart festivalen utselt til tross for "svart plakat" og berre hemmelege artistar. Tør du ta sjansen på å vente til me slepper årets artistar, før du kjøper billett...?
Treng du info om kva artistar som kjem? Mellom anna desse: Bigbang, Vinni, No 4, Thea & The Wild, Joakim Solbakken og Anne Fagermo!
Vel møtt til ball på Sundrehall!
Følg med for program etterhvert!