Uveret "Hans" og heimetenesta

Om

Pensjonistforbundet Ål arrangerer opent møte om korleis heimetenesta i Ål kommune klarte å levere tenester under dei vanskelege forholda uveret «Hans» skapte og kva som er gjort etterpå. For å snakke om dette kjem avdelingsleiar Marie Louise Cappelen Skråmestø og ansvarleg for beredskapen i Ål kommune Bente Vestby.

Uveret «Hans» kom brått på alle, vegar vart stengde, kommunikasjon og straum forsvann og mange vart evakuert. Dette gav mange ekstra utfordingar dei som arbeider i heimetenesta. Me vil høyre om utfordringane som oppstod og resultatet av evalueringa etterpå.

Det er gjort mange forskjellige tiltak i kommunen på fleire fagfelt. Me vil gjerne høyre litt om korleis kommunen og heimetenesta er førebudd om det oppstår ein tilsvarande situasjon.

Kart

Uveret "Hans" og heimetenesta

TypeForedrag

Ål Bibliotek, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 20

Åpningstider

Ål Bibliotek (Ål kulturhus) (3 Des 2024)
DagTider
Tirsdag18:00