Om
Flott, lettgått tur til en av Eivind Fredlaus sine gjemmesteder i Leveld.
Kjøprebeskrivelse:
Følg Rv7 ca 3 km austover frå Ål sentrum. Ta av til venstre mot Bergsjø/Vats og følg Nordbygdvegen (Fv 2930) gjennom Votndalen til Leveld. Køyr forbi kyrkja og skula. Ca 900 m etter skula kjem du til Leveld Kunstnartun, på venstre hand.
Parkering på parkeringsplassen ved Leveld Kunstnartun, Nordbygdvegen 1025.
2,5 km rundtur. 680 – 741 moh
MRK: i dette området beitar det kyr og kalvar. Me anbefaler alle om å halde avstand og helst gå turen att og fram i staden for som rundtur. Me anbefaler IKKJE å ha med hund på turen!
Frå p-plassen går du ca 100 m tilbake på Nordbygdvegen. Ta til høgre inn på stigen som går forbi Kunstnartunet, over ei bru og inn i skogen bak Kunstnartunet. Følger merkinga mot Steinstugu, fyrst vestover i lysløypa, deretter stigen litt bratt opp mot Steinstugu. Denne plassen var ein av gøymestadane til Eivind Fredlaus, som han nytta når han våga seg ned i bygda. Frå Steinstugu går du ned at det bratte partiet og kjem inn att på hovudstigen. Følg denne austover, i lysløypa, og du kjem tilbake til brua og Leveld Kunstnartun.
I skogen er det ei permanent kunstutstilling med Birgit Hagens tekstilkunst.
For detaljert turbeskrivelse, kart og høydeprofil se https://ut.no/turforslag/1112156811/steinstugu-til-eivind-fredlaus-10-turfavorittar-2022
Kart steinstugu til Eivind Fredlaus - pdf
Høydeprofil steinstugu til Eivind Fredlaus - pdf
For mer detaljert kart: Reineskarvet 1:50 000
Fasiliteter
Avstand
- lengde i km - 2,5 km rundtur
Gradering
- lett - grønn/ green/ grün
Natur og terreng
- asfalt
- grus
- høydeforskjell - 681-740 moh
- kulturlandskap
- natur
- skogsområde
Sesong
- Høst
- Sommer
- Vår