Om
Chet Baker si stemme og trompet definerte Cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?
Baker Hansen har sidan 2010 leitt etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjende, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på ålingsdialekt! For på vårt eige mål kjem musikken og innhaldet nærare på oss. Dette blir også plateslepp for Baker Hansen si fjerde plate.
Opplev ein lun jazzkveld i Ål kulturhus!.
Medarrangør: Ål kulturhus