Om
Er du klar for ein skikkeleg feelgood-kveld?
Denne forestillinga er ei saleg blanding av standup, sang, dans, foredrag og gode historier. Det blir rett og slett fest, fjas, alvor, og ikkje minst nyttig læring!
Gjengen kjem med konkrete tips om korleis du kan få det betre med deg sjølv og korleis få meir glede i livet. Systrene Thorhallsdottir deler interessante og morosame historier og Tore Petterson kjem til å synge og fortelje nært og personleg om sine dyrekjøpte erfaringar i livet. Tema i standup-delen blir om ulikskapane mellom den kvinske og mannske ordboka, korleis me knotar og rotar i relasjonane våre og korlies livet sjeldan blir slik me såg for oss. Me lovar at du kjem til å bli rørt, inspirert og ikkje minst le - masse!
Ynskjer du at det boblar og brusar meir i blodet?
Då er du så hjarteleg velkomen på Boblershow!