Om
Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten
«Er du blant dei som ikkje veit om du høyrer heime på eit småbruk på bygda eller i ein bygard?»
Slik innleiar NRK sin litteraturmeldar si omtale av boka «Odelsskam» av Maria Lavik. Han gav boka terningkast fem, og han er ikkje den einaste som meiner at dette er ein av årets beste bøker. (Les meir her: https://samlaget.no/.../odelsskam-a-gje-slepp-pa-ein-gard...)
Torsdag 21. november kjem Maria Lavik til TID for ein bokprat med Eirin Trintrud, leiar i Buskerud Bondelag. Dei skal snakke om arv, jord, landbruk, identitet og kva som er heime.
Dette blir ein tankevekkande og inspirerande kveld der alle som har røter ein plass, vil kunne kjenne seg att.
I tillegg til den vanlege menyen i kafeen kan du denne kvelden få kjøpt kortreist «odelssuppe» – ei smaksrik grønnsakssuppe med råvarer frå Ål Markedshage.
Arrangementet er gratis – berre møt opp.
Medarrangørar: Buskerud bondelag og Norli Ål.
Vel møtt!