Om
Av alle uviktige ting i verda, er fotball det viktigaste.
– Pave Johannes Paul II.
Forfattar og fotballentusiast Nils Henrik Smith (f. 1980) er frå Bryne, no busett i Oslo. Han har gjeve ut to sakprosabøker om fotball, og har i ei
årrekkje vore tilknytt fotballmagasinet Josimar som fast skribent.
I bøkene 11 meter - straffesparkets historie og Entusiasme og raseri - Artiklar om fotball foreinar Smith på ein unik måte
fotballfagleg analyse, historisk medvit og humor.
No kjem han til Ål bibliotek for å prate om nettopp fotball.
Velkomen til ein kveld der lidenskapen for dette fantastiske spelet står i sentrum.
Gratis inngang!
Du kan sikre deg plass ved å hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.