Om
Ål-venen, Myset-hytteålingen og saxofonist Harald Lassen kjenner me godt frå Fryd Scene og ei rekkje folkemusikkgudstenester opp igjennom.
Han er ein av profilane i norsk no-jazz og har verkeleg fått fotfeste i jazz-Noreg.
No er han attende med snakkis-albumet Balans der me møter ein improvisatør og låtsnekker som inviterer lyttarane og medmusikantane til å romstere i det han har skapa, og ein kunstnar som har forstått at den einaste gyldige smaken er den personlege.
Til Fryd Scene tek han med seg ven og gitar-unikum Sander Eriksen Nordahl for ein intim versjon av Balans og andre innfall som måtte kome, lure smil og djupt alvor, jorda og atmosfærisk på same tid.
Velkomen!
NB! Konserten blir halden på Operalåven (Sehlsvegen 180).