Om
Hallingdal ombruksfestival!
Dette er ein festival der alle dei seks kommunane i Hallingdal går saman for å synleggjere det store tilbodet av gjenbruk og delings- og reparasjonstenester i dalen.
Anten du ynskjer å lære meir om reparasjon av klede, delingstenester, eller berre har lyst til å la deg inspirere, bli med og oppdag moglegheitene som ligg i ombruk og fellesskap i Hallingdal.
På Ål kulturhus kan du vera med på:
Fiksefest for småeletronikk v/elevar ved Elektro- og datateknologi VG2 Ål.
Folkeverkstad v/Karin Barasinski - lag vakre og funksjonelle bøker ved hjelp av gjenbruksmateriale som gamle bøker, magasin, avisutklypp og anna materiale frå biblioteket.
Den store klesbyttedagen med gratis drop-in på workshop i redesign og reparasjonsrettleiing, laurdag 26. april.
Ombruksfilm på kino; Grusome meg 4 og The Old Oak
Velkomen!