NMH + ÅKS = Eit musikalsk vennskap

Om

17 studentar frå bachelorprogrammet i musikkpedagogikk ved Norges musikkhøgskole kjem til Ål for fjerde år på rad for å spele, synge og undervise elevane i kulturskulen ei heil veke. 
Det blir konsert i Storesalen med gjestane frå Oslo saman med elevar og lærarar frå musikklinja til Ål kulturskule - og du er invitert. 
Kulturskulen har i tillegg til musikalske samarbeid med NMH øvd eigne nummer i haust, så konserten blir variert og leiken med musikken som heidersgjest. Ein musikkfest rett og slett!

Norges musikkhøgskole er ein vitskapleg høgskule med Noregs største fagmiljø innan musikk. Utdanningane skal gje eit solid fundament for ein profesjonell karriere innan musikk og bidra til at Noreg har eit sterkt og levedyktig musikkliv, der alle er velkomne og kan delta. 

Gratis inngang!

Konserten varar ca 1 time.

Kart

NMH + ÅKS = Eit musikalsk vennskap

TypeKonsert

Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forNMH + ÅKS = Eit musikalsk vennskap (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Ål kulturhus (7 Nov 2024)
DagTider
Torsdag18:00