Om
Rock me Baby er ein danse- og teaterkonsert for dei yngste med tunge rockeriff, fengjande melodiar, glitrande kostymer, poetiske lydlandskap, absurde scener - og humor. Alt dette i eit tempo og volum som høver for alle, og som skapar begeistring blant små og store i publikum.
Utøvarane framstår som eit band sett saman av fem handplukka musikarar og dansarar som inviterer små og store inn til eit særeige og leikent univers.
Innan glam- og puddelrocken på 1970- og 80-talet vart grensene mellom kjønn mindre tydelege, og artistane framsto ofte med eit androgynt uttrykk.
Kostymene viser både små og store at det er lov å være mann på hvilken måte man vil her i verden, skreiv anmeldar Hilde Halvorsrød i Periskop.
Kjell I. Nordstrøm (Baron von Bulldog), for mange særleg kjent frå underhaldningsserien Maskorama på NRK, har designa dei spektakulære kostymane.
Forestillinga høver best for barn frå 0-5 år.
Velkomen!