Om
Den som sovnar i demokratiet, vaknar i diktaturet.
Jonas Bals har nyleg gjeve ut eit tobindsverk om antifascismen si historie, Våre kamper og Kampen fortsetter. Den siste boka hans byrjar 9. april 1940, og fylgjer utviklinga fram til i dag. Korleis kjempa nordmenn mot fascismen under krigen, og kva gjorde dei etterpå for at den ikkje skulle reise seg att?
Har me noko å lære i dag, i ei tid der demokratiet igjen er truga av fascistiske og autoritære krefter?
Jonas Bals (f. 1977) er forfattar, skribent, kritikar i Klassekampen og fagleiar i LO. Han er utdanna målar, og seinare historikar. Han har vore rådgjevar i Fellesforbundet og har arbeidd som rådgjevar for Arbeiderpartiet og partileiar Jonas Gard Støre.
I 2018 byrja han som rådgjevar i LO. Aktiv antirasist sidan seint 1980-tal.
Velkommen!