Smaken av konkurranse

Om

Nyt nydelege smakar av konfekt og kaffe, trylla fram av medaljevinnarane Vilde Nistad Strandos og Ole Kristian Bøen.

Vilde Nistad Strandos er konditor og driv eiga bedrift, Mat So Klart, på Gol. Ho har fleire år med konkurransar bak seg. Både på Konditorlandsalget og Kokkelandslaget. I 2024 laga ho desserten når Det Norske Kokkelandslaget Community Catering tok OL-bronse.

Ole Kristian Bøen er busett på Ål og er litt over snittet interessert i kaffe. I 2020 vann han norgesmeisterskapen i håndbrygg, og han vann også VM i kokekaffe i 2022. Påstanden hans er at kaffe har ei større spennvidde enn vin. Frå den litt sure, kjipe kontorkaffen til fantastiske smakar av sødme og fruktigheit.

Denne kvelden tek Ole Kristian med seg eit breitt utval av kaffear og parrar det med Vilde sin konditorkunst.

Du får lære å smake forskjell på ulike typar kaffe og kva som skal til for å bryggje den perfekte kopp!

Allergiar: Laktose, mandel, soya, gluten.

Velkommen!

 

Billett kr. 400,- inkl. smak av ulike typar kaffe og konfekt.

 

 

Kart

Smaken av konkurranse

TypeMat

Galleri Syningen/Ål kulturhus, Myren 40, 3570, Ål
Close window

Call direct on:

+47 32 08 51 00

Sjekk tilgjengelighet forSmaken av konkurranse (Åpnes i et nytt vindu)

Åpningstider

Galleri Syningen/Ål kulturhus (10 Nov 2024)
DagTider
Søndag19:00