Om
Då The Alehouse Sessions og Mamelukk Dansekompani møttes i eit spontant samarbeid ved Den Ny Opera i Danmark fann dei umiddelbart tonen. Boblande av gjensidig beundring og inspirasjon har dei no kokt saman eit heilt nytt samabeids- prosjekt. I møtet mellom to ensemble med føtene godt planta i tradisjon og ein felles hug etter leik og nyskaping, har dei brygga i hop ei forrykande forestilling.
Her virvlar dei opp drikkeviser og slåttestev i ein mikstur av musikalske krumspring og danserisk virtuositet.
Musikk og dans, musikarar og dansarar smeltar saman i ei sprudlande oppleving me ser fram til å dele med dykk.
Fyll opp glasa og syng med!