Tom Roger Aadland på TID Kafè

Om

Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Det er duka for ein musikalsk festaftan på kafé TID.

Tom Roger Aadland feirar tjue år som artist med ein landsomfattande turné hausten 2024. Torsdag 19. september besøker han kafé TID i Ål.

På programmet står eigne kritikarroste låtar, Dylan på nynorsk, og eit utval songar Tom Roger har skrive saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Kjartan Fløgstad m.fl.). Med seg i kofferten har han også det splitter nye albumet «Lysvandring» (kjem ut fredag 13. september).

Den førre plata til Aadland, «Skyer» (2023), hausta strålande kritikkar. «Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+. Ei rekke av songane hans har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei», «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag».

Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Bob Dylan fylte åtti. Det Norske Teatret si framsyning «Vikla inn i blått», med Aadlands gjendiktingar, gjekk på hovudscenen i tre år.

Kafeen vil vere open kvar torsdagskveld i haust med mocktails og kveldsrettar!

Billett i døra, kr 230,-

Kart

Tom Roger Aadland på TID Kafè

TypeKonsert

TID Kafè & Landhandel, Myren 38, 3570, Ål